Thursday, May 11. 2006
Reisebrev frå slottsplassen
- Med innslag av fiktivdialog berre ein respektlaus pøbel i verste ungdomstid kunne finne på å presentera
Eg har vore på slottsplassen. Det er sikkert mange andre som har vore på slottsplassen og, men der har eg altså vore. Eg hugsar det var ein laurdag. Ein grå laurdag. Men det var vår, like inntil syttande mai, og folk og gatemusikantar så ut til å tvinga seg til å vere ute. Nærmast som ein plikt. Trøtte møyre med illsinte ungar og fotballengtande fegre kjempa seg i sikksakk mellom gjøglarar og popcorn-seljarar for å nå opp til dei alvorstynga gardistane. Og eg tenkte; kvifor? Kva får folk til å oppheve eit lite knippe menneskje til ufeilbarlege ikonar? Kva får dei til å la det same knippe med menneskje, utan ein einaste formell funksjon, boltre seg på Noregs beste tomt? Kvifor vil min bestefar ikkje betala skatt så eg kan gå på skule, men han vil betala skatt sånn at to personar kan studera i USA med politivakter ikring seg døgnet rundt?
Eg har forstått det slik på gamle folk at Noreg er Noreg fordi me kjempa og vann, både mot Sverige og mot Danmark. Og at kongen er sjølve symbolet på Noreg, noko me kan vere stolte av og vedkjenne oss i utlandet. For utlandet er det viktigaste, kan det synast meg. Før var det sjølvsagt og viktig at kongen samla landet, krisetidar og slikt, men uansett kor mange negrar bestefar meiner tar over landet, uansett kor skammeleg det er at me ikkje hjelp USA med å sanke olje i Midtausten, er landet langt frå i ein krisesituasjon. Men ein ting slår meg stadig når eg tenkjer på dette med symbolikk og frigjeringskamp. Var ikkje den fyste kongen, prins Carl av Danmark, nett dansk? Ein kan forstå at mange av dei monarkifrelste i dag likar Danmarks oppofrande kamp mot alt det farlege, det vil sei alt som ikkje har kvit hud og likar hamburgarar. Men var ikkje sjølve poenget i nittenhundre og fem at me skulle bli sjølvstendige? At me endeleg skulle kaste all den danske og svenske skiten ut og vekk?
Der har du Christoffer, seier kanskje nokon no. Han Christoffer som alltid skal henge seg opp i uviktige detaljar. Me fekk jo eit monarki. Eit monarki som i dag er strålande! Christoffer svarar då sjølvsagt at han verken syns det er nokon detalj, og steike meg ikkje uviktig. Eg ristar på hovudet av han. Tenk på syttande mai. Når kongen og dronninga, og kronprinsen og kronprinsessa og alle barna står der på balkongen. Ranke i kroppen og med nydelege heilnorske kjolar. Eg får ein tåre i augekroken. For nokon flotte oppofrande menneskje. Og desse vil den liksomrevolusjonære betrevitaren avskaffe? Ein pøbel, det er kva han er.
Er eg ein pøbel? Visst faen er eg det. Men eg er såmen ingen pøbel berre for å pøbla, om det finnest eit slikt verb. Viss ikkje er eg jammen meg pøbel nok til å lage eit nytt verb, det skal dykk alle vite. Men om dykk vil gjere det faktum at vår fyste konge i moderne tid var dansk til ein ”uviktig detalj”, kan eg godt pøble meg vidare eg. For kva er eigentleg funksjonen. ”Me følar samling, guten min. Du kan ikkje forstå dette. Du var ikkje med i krigen!” Du har rett bestefar, eg var ikkje med i krigen. Eg ville gjerne teke meg tid til å skratta litt over korleis du får det til å høyrast negativt ut, men eg lar være. Eg vil heller fortelje deg om eit årstal. Nemleg årstalet totusen og seks. Det er det årstalet me lever i no, om du ikkje har fått det med deg. Og i det årstalet fins det mykje å bruke pengar på. Eg vil med rennefart påstå at me treng å betre utdanninga og feie helsekøane ut i Skagerakk før me treng ein dobbelthaka klovn i flosshatt på ein balkong ein gang i året.
Ein gang i året? Og dei adjektiva du brukar? Du er i sanning ein pøbel, Christoffer! Kva med den representasjonen kongehuset står for året rundt? Tenk at dei drar rundt i verda og snakkar med skeivøyde i Asia og kyssar Aidssmitta negerbarn i Afrika. Signe dei, flotte menneskje er dei. Og ein tradisjon er det og. Ein del av den norske folkesjela, må vite.
Fokesjela, ja. Eg seiar som Michael Moore sa det i ”Fahrenheit 9/11”: ”Eg har alltid vore like forbausa over at dei som blir mest undertrykte av systemet, er dei fyste til å forsvara det same systemet!”. No påstår eg ikkje at det norske kongehuset av i dag undertrykkjer folket sitt. Det ville vore ganske absurd, ganske umuleg, og ikkje så reint lite dumt. Mitt poeng er at kongehuset er ein standhaftig gjenleving etter føydalismen. Og eg vil ikkje at ein gjenleving med så mange svin på skogen skal fly verda rundt på fellesskapets midlar og klippe band og høyre på talar. Det ville omtrent vore som om etterkommarane til Göring skulle dra rundt og representera Tyskland. Dei er sikkert fine menneskje dei, men eg trur nok ikkje at folk som bestefar min ville stått fyst i køen for å ta dei i handa.
For ein absurd analogi. Slikt noko kan berre kome frå deg. Kva forskjell gjer det om monarkia før i tida var kritikkverdige, om dei gjør ein god jobb i dag? Når folket ynskjer å behalde monarkiet i Noreg, korleis kan du argumentera for ein fjerning på bakgrunn av økonomi og eldgammal historie? Du må jo gjere slik folket ynskjer.
Skulle eg gjort slik folket til einkvar tid ynskjer, ville Noreg i sanning blitt eit høgst ustabilt og merkverdig land, der borgarkrigen truga på alle kantar. Nei, populismen får du overlete til Framstegspartiet, og til bestefar sjølvsagt, men dei to er da og to sider av same sak. Difor seier eg: Vekk med monarkiet! Vekk med alle illusjonar! Fram med hamrar og sigdar for å byggje eit nytt og betre Noreg, og ein ny og betre verden!
Owner login
